Pinse i pandemiens tid

Ei helsing til kyrkjelydane frå preses Olav Fykse Tveit på vegne av Bispemøtet, pinsa 2020

Evangeliet er ei motkraft, som kan gi oss tru og håp, trass i alt som kan gjere oss trøytte og motlause, skriv preses Olav Fykse Tveit. Illustrasjonsfoto: Pixabay

Pinse i pandemiens tid

«For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.» 
2 Tim 1,7.

Guds Ande skaper liv og gir nytt mot. Den første pinsedagen skjedde det, då evangeliet kunne høyrast på ulike språk. På alle stader og til alle tider treng vi den gode bodskapen. Ikkje mindre no, når vi feirar pinse i pandemiens tid.

Meir himmel på jord! Dette er visjonen Kyrkjemøtet har gitt vårt felles arbeid i Den norske kyrkja. I pinsa feirar vi at himmelen, Guds rike, er mellom oss her på jord. Å feire pinse er å ta imot Den Heilage Ande som gjev oss tru, som styrkjer vårt håp, og som gir oss kjærleikens vilje. Slik kan vi i fellesskap med kvarandre vise at det er teikn av himmel på jord, på staden der vi bur, i vårt land, og i den verda vi lever i.

Det trengst no når noko nytt bind oss saman: ein «pandemi», ein smittsam sjukdom som sprer seg overalt, i heile folket, mellom alle slags folk, mellom alle folk og nasjonar. Nokon er vorte alvorleg sjuke, nokon har mista livet. Smitteverntiltaka omfattar oss alle. Vi lever på avstand, nokon i isolasjon, vi har hatt stengte skular, arbeidsplassar, vi kan ikkje besøke sjuke og eldre - og mykje meir . Mange er urolege for kva som kan kome,  og mange er ramma økonomisk og på andre vis. Det vil vere store utfordringar for den enkelte og for samfunnet i tida som kjem.

Vi lever i Noreg, i eit land der vi har eit velutvikla helsestell, vi har mange som stiller opp og utfører dei oppgåvene samfunnet treng, vi har statleg økonomi for å bøte på nokon av skadene og styresmakter som har stor grad av tillit i folket. Det er mykje å takke for. Vi har igjen erfart at det berre er saman og i fellesskap vi kan løyse dei største utfordringane våre. Det må vi ta med oss vidare i kampen, og når vi skal byggje oppatt samfunnet etter pandemien.

Vi har også sett at vi som kyrkje kan bruke kreativitet og teknikk for å fomidle det gode budskapet på mange måtar. No kan vi samlast på visse vilkår, og håpar at det vert meir i tida som kjem.

Mange i verda har det ikkje slik, og opplever dette som ein stor trussel for samfunn og kyrkjer. Viruset kjenner ingen grenser, og vi er alle avhengige av samhandling mellom alle folk og nasjonar for å stanse smitten. Vi må erkjenne at vi alle er sårbare, og at nokon er mykje meir sårbare enn andre. Dette er ei tung sanning å ta inn over seg i pandemiens tid.   

I denne tida er det djup meining i å feire pinse. Pinsa minner oss om at det også finst ei anna sanning som ikkje kjenner nokon grenser. Det er ei sanning for alle folk og alle slags folk: Guds kjærleik er vist oss i Jesus Kristus, og den er for alle. Evangeliet er ei motkraft, som kan gi oss tru og håp, trass i alt som kan gjere oss trøytte og motlause.

I pinsa feirar vi at evangeliet er for alle folk, og vi er med i Guds store misjonsoppdrag i verda. Anden gjer at vi høyrer saman med kyrkjer i alle land. Saman håpar og ber vi at Guds Ande gir oss meir himmel på jord. Meir enn nokon gong treng vi Guds Ande som kan gi nåde og kraft til å halde ut, og til å vere til for andre i dei prøvingane vårt land og verda må gjennomgå no.

Fornying og forvandling kan skje, som den første pinsedag. Kjærleiken kan få rom, også i pandemiens tid.

Difor ber vi også denne pinsa, saman med kristne søsken her i landet og over heile verda:

Kom, Heilage Ande!

Amen.

 

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Emil Tan Engeset

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"